Skarv

Skarvar er ein familie, Phalacrocoracidae, med ei slekt Phalacrocorax av omtrent 40 fugleartar som lever av fisk ved kystar og i vassdrag. Dei finst på alle kontinent, med unnatak av dei sentrale Stillehavsøyane.

Skarvar er middels til store vassfuglar og varierer i storleik frå pygmeskarv, Phalacrocorax pygmaeus, på så lite som 45 cm og 340 gram og til den ikkje-flygedyktige galapagosskarv, Phalacrocorax harrisi, med ein maksimal storleik på 100 cm og 5 kg i kroppsvekt. Den nyleg utdøydde brilleskarven Phalacrocorax perspicillatus, vart jamvel større, opp til 6,3 kg. Dei fleste, inkludert nesten alle artar på den nordlege halvkula er i hovudsak mørke i fjørdrakta, medan somme på den sørlege halvkula er svarte og kvite, og nokre få, til dømes kvithalsflekkskarv på New Zealand er ganske fargerik. Mange artar har eit farga område på huda i ansiktet som kan lyse blått, oransje, raudt eller gult, og vanlegvis vert dette området meir klårt i farga i hekkesesongen. Nebbet er langt og tynt, overnebbet er bøygd ned i enden. Skarvar har symjehud mellom alle fire tærne, som slektningane sine.

Dette er kystfuglar i større grad enn pelagiske artar, i nokon grad har skarvar òg kolonisert vassdrag, som til dømes flodskarv i Sør-Amerika, faktisk synest den opphavlege skarvstamfaren å ha vore ein ferskvassfugl, vurdert ut frå habitatet til dei eldste i utviklingslinja. Utbreiinga til denne gruppa er verda rundt, men dei har ikkje kolonisert dei sentrale Stillehavsøyane.

Alle skarvartar er fiskeetarar og fangstar på små ål, fisk og til og med på vasslangar. Dei dukkar frå vassoverflata, mange artar gjer det karakteristiske halvstupet frå overflata før dei går ned. Under vatnet vert dei kraftige føtene nytta til framdrift. Det finst målingar som viser at somme artar kan gå ned til ei djupn på 45 meter.

Når skarvar er på land for kvile, held dei ofte vengene ut i sola. Ein detaljert studie av storskarv konkluderer med at det utan tvil er for å tørke fjørdrakta. Alle skarvar har gumpkjertelsekret som dei smørar på fjørene.

Skarvar er kolonirugarar, dei rugar i tre, på holmar eller i klippeveggar. Egga er bleikblå i farga. Vanlegvis er det berre eit kull i året. Foreldra gulpar opp mat til ungane. Ungane har djupe klossete nebb som liknar meir på nebba til pelikanungar enn på nebbet til dei vaksne. (kilde: wikipedia)

BILDEGALLERI – For enheter som ikke støtter Flash, slik som iPad,
iPhone, med mer,
klikk på bildet under for å se galleri bildene.

Bildene kan kjøpes innramma, eller som nedlastning fra min hjemmeside.

Besøk også gjerne min portfolio, eller velg blant snarveiene i høyre marg på denne siden. Du er også hjertelig velkommen til å abonnere på min blogg, samt dele, kommentere og like mine bilder ved å bruke de sosiale verktøyene på mine sider.

Digiart kan du finne på Facebook her; http://www.facebook.com/DigiArt.no

 

Share on FacebookShare on Google+Tweet about this on TwitterShare on LinkedInEmail this to someoneShare on Reddit
It's only fair to share...

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>